fredag 1. mars 2013

MUS - Madeleine



MUS Madeleine
I dag er det endeleg holo-fredag igjen! MakeUpStore (MUS) er kjende for å ha nokre av dei flottaste holografiske lakkane som finnast, sjølv om kvaliteten varierar litt frå parti til parti, men alle partia er betre enn det meste anna ein får tak i. Madeleine er ikkje eit unntak.

MUS Madeleine er ein kald beige-rosa, holografisk lakk. Den holografiske effekta er lineær, og så sterk at ein nesten ikkje ser fargen i sol eller innelys. Eg har ikkje ord for kor vakker denne lakken er, og lar bileta tale for seg. Eg har for øvrig brukt to lag Madeleine over eit lag MUS Aquabase, som er heilt naudsynt for at lakken skal legge seg pent. Som overlakk har eg Sally Hansen Diamond flash top coat.

MUS Madeleine minner litt om Layla Coral glam, eg skal få lagt ut ein samalikning av dei to seinare.

MUS Madeleine is one of the prettiest, most intense holographic varnishes I own. The colour is a cold-toned beige-pink, but one can hardly se the colour because of the awesome linear holographic effect. I L-O-V-E IT!


2 kommentarer :

  1. Madeleine är en skönhet. Jag är svag för den här typen av hololack, både Madde och Coral Glam tillhör mina favoriter.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dei er flotte begge to, men eg synast Madeleine er finare i farge, i alle fall til min hud. Og den lineære holoeffekta er også sterkare hos MUS-lakken, etter mi meining.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------