mandag 10. desember 2012

Essence - Chic reloaded

Essence Chic Reloaded

Chic Reloaded blei med meg heim frå Praha, og eg gleda meg stort til å prøve han etter å ha sett fine bilete av han mellom anna hos Nihrida.

Essence Chic Reloaded er ein mørk koksgrå (?) skimmerlakk med lilla og grøn duokrom effekt. Lakken ser nett ut som oljesøl på neglane, og det er dødsstilig! Eg er ikkje noko glad i turkis, men i i Chic Reloaded er grønfargen akkurat grå nok til at det går greit. Lakken dekker godt med to lag, og var grei å legge trass i at han var litt rennande. Billig var han også, eg betalte vel litt i underkant av 2 € for han.

Eg har ikkje så mange Essence-lakkar, og dette er min einaste lakk med det nye designet. Flaskene er for såvidt fine, og eg liker veldig godt at korken har same farge som lakken. Men kosten er ENORMT svær, sikkert 6-7 millimeter brei og ganske tjukk. Ergo får ein veldig mykje lakk på kosten, som flyter utover negleband og alt blir berre grisete. Lillefingerneglane må eg lakke med kosten "feil" vei, elles er han altfor brei. Gah - dei er jo endå verre enn IsaDora-kostane! Kven i alle dager har funni på dette designet? Eg liker Essence-lakkane veldig godt, men kjem nok ikkje til å kjøpe nokre fleire før dei har endra kostane tilbake til den gamle, smalare typen.

Kva synast de om Chic Reloaded? Kan ein fin farge veie opp for ein fæl kost/ekkel påføring/dårleg lukt etc.?


Essence Chic Reloaded, a charcoal black shimmer varnish with green and purple duocrome effect. It looks like oil spilled on water! The colour is awesome, but I hate the new wide brush and will probably not by any new Essence-varnishes until they change it back.

Den grusomt store kosten

Essence Chic Reloaded

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------