søndag 18. november 2012

Layla - Misty blush


Layla Misty Blush

Det er ein stund sia sist eg har hatt tid til å blogge, men eg har jobba 60-timersveker i det siste og vært på jobbreiser, så det har blitt litt hektisk. No kjem eg forhåpentleg sterkare tilbake i tida framover. Eg har fått mange nye lakkar i posten, og gler meg til å vise dei fram. Dette er dog ein lakk eg har hatt ein stund.

Layla Misty Blush er ein brunlilla, lineær holografisk lakk. Han er veldig holografisk, kanskje endå meir enn Layla Coffee Love, og etter mi meining er fargen også endå finare. Burgunder og brunlilla er mine yndlingsfargar, og eg elskar holografiske lakkar, så Misty Blush kjem høgt opp på favorittlista mi. Han er lett å legge, eg brukte to lag over MUS AquaFix, og fekk ingen "bald spots" eller flekker på neglane, slik ein ofte får med kraftig holografiske lakkar. Fargen er nydeleg, skikkeleg haustaktig, men det er ikkje så veldig legg å sjå fargen ordentleg, for han er så holografisk.

Beklager rotete bilete, men eg tok dei då eg var på reise.


Layla Misty blush, a brownish purple holographic varnish. It's easy to apply, and looks magic on the   nails. I love it! 

Legg til bildetekst

 


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------