torsdag 12. september 2013

Orly - Rose Pixel



Orly Rose Pixel
Jepp, eg er heilt på teksturlakk-bølga framleis, håper ikkje de er lei enno. I dag har eg Orly Rose Pixel, som er ein rosa-tona lys beige teksturlakk. Lakken består av ein slags metallisk(?) base med skimmerpartikler og litt større glitter - alt i same sølv-rosa-beige farge. Fargen er litt lysare enn huda mi, og eg synast han ser veldig delikat og elegant ut på neglane, samtidig som han glitrar som berre det. Eg har skjønt at andre synast Rose Pixel er kjedeleg, men eg elsker slike nøytrale lakkar med "noko attåt". Denne har blitt ein ny favoritt. Er han ikke lekker?

Lakken dekker fint med berre eit lag, sjølv om ein sikkert kan bruke to for bileta si skuld. Eg har eitt lag Rose Pixel på bileta, openbert utan overlakk. Han tørker saaaaakte, så det er lurt å ha god tid når du lakkar - eg måtte lakke om to av neglane etter å skulle ta på meg sko over ein halvtime etter at eg lakka neglane. Elles så må eg berre kommentere kor utruleg stygg flaska er, blå gummikork - virkeleg?!?

Orly Rose Pixel, a pink toned silvery beige textured varnish. This is exactly my cup of tea, neutral with a twist - and a one-coater. Unfortunately, it does dry very slowly.

tirsdag 10. september 2013

P2 - Confidential (#050)

Eg har vært frykteleg treig med å vise fram teksturlakkane eg kjøpte i sommer, men smått om senn prøver eg å vise dei her på bloggen. Det er som sagt berre å seie ifrå dersom det er konkrete lakker de vil sjå. Dessverre(?) kjem det stadig nye lakkar inn i samlinga, så eg blir nok aldri (heldigvis?) ferdig.




P2 Confidential, i dagslys
P2 Confidential (#050) er ein kongeblå teksturlakk med mangefarga skimmer; eg ser raudt/rosa, oransje, gull, blått, grønt(?) og sikkert meir. Eller kanskje det er skimmeret som er multikromt? Det er ikkje lett å seie. Fantastisk effekt på neglane, i alle fall. Eg har forsøkt å vise det på bileta, nokre i dagslys, nokre i kunstig lys, men eg klarer (som vanleg) ikkje å fange det fantastiske fargespelet i lakken.

Her har eg eitt lag P2 Confidential over eitt lag China Glaze First mate. Eg har prøvd lakken utan underkle, men han dekker så godt at eg ikkje ser nokon fargeskilnad med to lag av P2-lakken eller CG + P2. Strengt tatt bruker eg nestan alltid ein annan lakk under teksturlakkane, då synast eg dei blir mykje lettare å fjerne, i tilleg til at eg sparer på dei verdifulle dråpene. Ein nøytral blå får eg alltids tak i, men teksturlakkane går sikkert av mote snart, og då er det greit å ha litt igjen.

Som sikkert mange har fått med seg, er Confidential 100% lik OPI Alcatraz...rocks frå OPIs haustkolleksjon, sjå til dømes Spector's nails samanlikning. Eg trur ikkje det er så lett å få tak i P2-lakken lenger, men du likevl vil ha han, kan du strekke deg etter OPI-lakken. Han har allerede kommi i norske butikkar (Kicks), og hos Nailsupplies og andre nettbutikkar.

P2 Confidential (#050) is a wonderful navy blue textured varnish with a lot of multicoloured (multicrome?) shimmer. I wore it over one coat of China Glaze First mate, as I feel that layering it eases the removal without tempering with the colour (as Confidential is opaque enough). As you have probably seen, e.g. in Spector's nails comparison, this is an exact dupe for OPI Alcatraz...rocks. Nice, huh? 


P2 Confidential, i kunstig lys

lørdag 31. august 2013

China Glaze - Infra-red



China Glaze - Infra-red
Endeleg tid for holografiske lakkar igjen! Denne veka har det vært nydeleg vêr her i Bergen (alt er relativt), og eg har faktisk plukka fram nokre hololakkar igjen som eg trudde eg ikkje skulle få brukt att før neste sommar. Men først har eg nokre litt eldre bilete frå China Glaze HoloGlam-kolleksjonen som kom i vår.

China Glaze Infra-red er ein lineær, holografisk lakk som merkelig nok ikkje er raud, men magentarosa. Dessverre er ikkje den holografiske effekta like tydeleg som på det andre HoloGlam-lakkane eg har vist fram, Strap on your moonboots og Galactic Grey. Fin er han likevel, sjølv om han dessverre ikkje får blodet mitt til å koke. Eg liker veldig godt påføringa og finishen på HoloGlam-lakkane, og det hadde vært fantastisk om China Glaze kom med ein raud lakk i same stil.

For å få fargen til å bli nokonlunde korrekt, måtte eg trikse litt i redigeringsprogrammet, derfor ser fargen på fingra mine litt pussig ut. Men lakkfargen er i det minste ganske riktig.

tirsdag 27. august 2013

China Glaze - First mate



China Glaze - First mate
Eg har kanskje vist fram First mate tidlegare, men no har eg eit par nyare, litt betre (?) bilete eg tok her om dagen. China Glaze First mate er ein mellomblå kremlakk frå eit par år tilbake. Lakken er svært god å legge, og dekkar glimrande med eitt lag, i alle fall om du er litt  raus med lakken. Fargen heller meir mot grønt enn dei blåfargane eg vanlegvis føretrekker (som Depend 324, som er meir raudtona), men han fungerar veldig godt som underlakk for andre lakkar. Dette er kanskje ikkje den mest spennande lakken eg eig, men det er greit med nokre litt trauste basisfarger også, ikkje sant?

Eg har samanlikna han med H&M-lakken Something blue, og dei er praktisk talt identiske, men eg føretrekker First mate fordi han er betre å lakke med. Eg gløymte sjølvsagt å ta bilete av dei to saman, men skrik ut om eg skal gjera det om att. Han er også svært lik Keeping Suzi at bay frå OPIs San Fransisco-kolleksjon, om ein skal tru Polish Infatuated sine bilete. Eg eig ikkje OPI-lakken, så eg kan ikkje samanlikne dei sjølv.

søndag 25. august 2013

Kiko - True red #632


Kiko - True red
Kiko True Red (#632) har vært ein favoritt av Sugar Mat-lakkane gjennom sommaren etter at eg plukka han med meg frå Tyskland for berre 2,5 €. Eg har sikkert brukt han tre-fire gonger dei siste vekene, og det er jo tilnærma rekord.

True Red er, ikkje overraskande, ein knallraud teksturlakk. Raudfargen er veldig klar og sommarleg, og han heller meir mot varm jordbærraud enn blodraud, som eg ofte føretrekker. Men no når eg er brun, passar den varme raudtona veldig godt til huda mi. Det øverste bilete er nok mest korrekt med tanke på fargegjengjevnad.

I motsetnad til mange av dei andre teksturlakkane eg eig, har ikkje True Red skimmer. Han virker som ein vanleg kremlakk med små "knottar" som dannar seg på yta etter påføring. Sjølv om han dekker fint med eit litt tjukt lag, så blir han penare med to - då kjem den ruglete yta betre fram. Kva synast du om lakken? Føretrekker du vanlege teksturlakkar med skimmer, eller kremteksturlakkar som denne?.

onsdag 21. august 2013

China Glaze - Skyscraper

Her er nokre bilete eg tok for ei stund sia, dei har liggi i arkivet sia før sommaren, men eg synast lakken er så fin at eg må vise han fram uansett. Eg jobbar (som vanleg) altfor mykje, og det er ikkje mykje tid til å lakkere neglane mellom eg kjem heim frå jobb kl. 21 og til eg drar kl. 06. Uff... Men no i helga skal det bli andre boller, og eg har fleire nye lakkar på lur eg vil vise dykk då. Men først:

China Glaze Skyscraper er ein djup kongeblå glitterlakk fullpakka med glitter i sølv og mørke- og lyseblått i ein mørkeblå basefarge. På neglane ser han alldeles gnistrande ut. Dessverre lot ikkje det seg overføre direkte til bileta mine, men det kan jo tenke dykk kor fin han eigentleg er. Sminkan har fine bilete av han (dog med meir overlakk og jamnare yte) om de vil sjå fleire bilete, og det same har naturlegvis også Google.


China Glaze - Skyscraper

 Lakken glitrar og gnistrar i sola, det synast best på eit uklart bilete.  

På meg dekker Skyscraper med to lag, men då må dei vera litt tjukke. Ein kan også bruke ein mørkeblå kremlakk som underlag, slik eg har gjort på lillefingeren (som eg måtte lakke om att). Lakken tørkar ikkje særleg kjapt, i alle fall ikkje utan hurtigtørkande overlakk. Men eg fekk ikkje misfarga negler av han, det er då noko.

tirsdag 13. august 2013

P2 - Seductive #030

Sugar Mat-lakkane til Kiko er flotte, men det er Sand style-lakkane til det tyske merket P2 som har vunni hjartet mitt i år. Dette er absolutt dei flottaste teksturlakkane eg har prøvd, og her er juvelen i kolleksjonen:


P2 - Seductive  
P2 Seductive (#030) er ein plommelilla teksturlakk med gullglitter, samt litt lilla og blått(?) glitter. Fargen er perfekt, etter mi meining - både klassisk og spannande på ein gong. Lakken er så utruleg flott, eg har stirra på neglane mine i fleire dager. Han er lett å legge, og dekker perfekt med to lag. Han misfarger heller ikkje neglen i det heile, og er svært lett å fjerne. Nyt bileta!

P2 Seductive (#030) is a plum coloured textured varnish, with a lot of golden glitter, as well as some purple and blue(?). This is, in my opinion, close to being the ultimate varnish. I LOVE it!

Med blitz: Sjå så fint det glitrar i gull!